Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 24:18-28 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

18. Den eine, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste framande i Jerusalem som ikkje veit kva som har hendt der desse siste dagane.»

19. «Kva er det?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret», svara dei. «Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket.

20. Men overprestane og rådsherrane våre utleverte han, fekk dømt han til døden og krossfeste han.

21. Og vi som hadde vona at han var den som skulle setja Israel fri! Men no er det alt tredje dagen sidan dette hende,

22. og nokre kvinner blant oss har sett oss i uro og undring. I dag tidleg var dei ved grava

23. og fann ikkje kroppen hans, men dei kom tilbake og fortalde at dei hadde sett eit syn av englar som sa at han lever.

24. Nokre av våre folk gjekk då ut til grava, og dei fann det nett slik som kvinnene hadde sagt, men han sjølv såg dei ikkje.»

25. Då sa han til dei: «Kor lite de skjønar, og kor seine de er til å tru alt det profetane har sagt!

26. Måtte ikkje Messias lida dette og så gå inn til sin herlegdom?»

27. Så tok han til å leggja ut for dei det som står om han i alle skriftene, heilt frå Moses og hos alle profetane.

28. Då dei kom bort imot den landsbyen dei skulle til, gjorde han som han ville gå vidare.

Les hele kapitlet Lukas 24