Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 24:12-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

12. Peter reiste seg likevel og sprang til grava, og då han bøygde seg inn, såg han ikkje anna enn linkleda. Så gjekk han tilbake til huset der han budde, og undra seg over det som hadde hendt.

13. Same dagen var to læresveinar på veg til ein landsby som heiter Emmaus, seksti stadiar frå Jerusalem,

14. og dei snakka om alt det som hadde hendt.

15. Medan dei no tala saman og drøfte dette med kvarandre, kom Jesus sjølv og gav seg i lag med dei.

16. Men auga deira vart hindra i å sjå, så dei ikkje kjende han att.

17. «Kva er det de går og talar med kvarandre om?» spurde han. Då stansa dei, fulle av sorg.

18. Den eine, han som heitte Kleopas, svara: «Du må vera den einaste framande i Jerusalem som ikkje veit kva som har hendt der desse siste dagane.»

19. «Kva er det?» spurde han. «Det med Jesus frå Nasaret», svara dei. «Han var ein profet, mektig i ord og gjerning for Gud og heile folket.

20. Men overprestane og rådsherrane våre utleverte han, fekk dømt han til døden og krossfeste han.

21. Og vi som hadde vona at han var den som skulle setja Israel fri! Men no er det alt tredje dagen sidan dette hende,

Les hele kapitlet Lukas 24