Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 22:56-66 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

56. Ei tenestejente fekk sjå han sitja der i lyset frå elden. Ho stirte på han og sa: «Denne mannen var òg saman med han.»

57. Men Peter nekta og sa: «Eg kjenner han ikkje, kvinne!»

58. Litt etter la ein annan merke til han og sa: «Du òg er ein av dei.» «Nei, det er eg slett ikkje», svara Peter.

59. Men ein times tid etter var det ein til som slo fast: «Visst var denne mannen òg med han! Han er då galilear.»

60. Men Peter sa: «Eg skjønar ikkje kva du snakkar om, menneske!» I det same, før han hadde tala ut, gol hanen.

61. Då vende Herren seg og såg på Peter, og Peter kom i hug det Herren hadde sagt til han: «Før hanen gjel i natt, skal du fornekta meg tre gonger.»

62. Og han gjekk ut og gret sårt.

63. Mennene som heldt vakt over Jesus, spotta han og slo han.

64. Dei batt for auga hans og sa: «No kan du vera profet! Kven var det som slo deg?»

65. Og dei hånte han på mange andre måtar òg.

66. Då det lysna av dag, kom eldsterådet i folket saman; overprestane og dei skriftlærde var òg med. Jesus vart ført fram for Rådet,

Les hele kapitlet Lukas 22