Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 22:42-59 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

42. «Far, om du vil, så ta dette begeret frå meg! Men lat det bli som du vil, ikkje som eg vil!»

43. {{Ein engel frå himmelen synte seg då for han og styrkte han.

44. Og han kom i dødsangst og bad endå meir inderleg, så sveitten hans fall som bloddropar ned på jorda.}}

45. Då han reiste seg etter bøna og kom tilbake til læresveinane, fann han dei sovande, overvelda av sorg.

46. «Korleis kan de sova?» spurde han. «Reis dykk og be at de ikkje må koma i freisting!»

47. Før han hadde tala ut, kom det ein stor flokk, og han som heitte Judas, ein av dei tolv, gjekk føre. Han gjekk bort til Jesus for å kyssa han.

48. Då sa Jesus: «Judas, svik du Menneskesonen med eit kyss?»

49. Dei som var med Jesus, skjøna korleis det kom til å gå, og spurde: «Herre, skal vi gripa til sverd?»

50. Og ein av dei hogg etter tenaren til øvstepresten og sneidde av han høgre øyret.

51. Men Jesus sa: «Lat det vera med det!» Og han rørte ved øyret til tenaren og lækte han.

52. Så sa han til overprestane og leiarane for tempelvakta og dei eldste, dei som var komne og ville gripa han: «De kjem med sverd og stokkar som om eg var ein røvar.

53. Dag etter dag var eg saman med dykk på tempelplassen; då la de ikkje hand på meg. Men dette er dykkar time, no er det mørkret som har makta.»

54. Dei tok han og førte han til huset åt øvstepresten. Peter følgde etter, eit langt stykke bak.

55. Midt inne på gardsplassen var det gjort opp ein eld som dei samla seg rundt. Peter slo seg ned blant dei som sat der.

56. Ei tenestejente fekk sjå han sitja der i lyset frå elden. Ho stirte på han og sa: «Denne mannen var òg saman med han.»

57. Men Peter nekta og sa: «Eg kjenner han ikkje, kvinne!»

58. Litt etter la ein annan merke til han og sa: «Du òg er ein av dei.» «Nei, det er eg slett ikkje», svara Peter.

59. Men ein times tid etter var det ein til som slo fast: «Visst var denne mannen òg med han! Han er då galilear.»

Les hele kapitlet Lukas 22