Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 22:1-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Det nærma seg no høgtida med usyra brød, som dei òg kallar påske.

2. Overprestane og dei skriftlærde prøvde å finna ut korleis dei kunne få Jesus drepen, for dei var redde folket.

3. Då fór Satan i Judas, han som dei kalla Iskariot, og som var ein av dei tolv.

4. Han gjekk av stad og tala med overprestane og leiarane for tempelvakta om korleis han kunne gje Jesus over til dei.

5. Dei vart glade og lova å gje han pengar.

6. Judas gjekk med på dette, og sidan leita han etter eit høve til å gje Jesus over til dei når han ikkje hadde folkemengda omkring seg.

7. Så kom den dagen i høgtida med usyra brød då påskelammet skulle slaktast.

8. Jesus sende Peter og Johannes i veg og sa: «Gå og gjer i stand for oss så vi kan halda påskemåltid.»

9. «Kvar vil du vi skal gjera i stand?» spurde dei.

10. Han svara: «Når de kjem inn i byen, kjem ein mann som ber ei krukke med vatn, til å møta dykk. Han skal de følgja til det huset han går inn i,

11. og så skal de seia til han som eig huset: ‘Meisteren spør: Kvar er rommet der eg kan halda påskemåltid saman med læresveinane mine?’

12. Han skal visa dykk eit stort rom ovanpå med teppe og puter. Der skal de gjera i stand.»

13. Så gjekk dei og fann det slik som han hadde sagt, og dei gjorde i stand påskemåltidet.

14. Då tida kom, gjekk Jesus til bords og apostlane med han.

15. Og han sa til dei: «Eg har lengta inderleg etter å eta dette påskemåltidet i lag med dykk før eg skal lida.

16. For eg seier dykk: Aldri meir skal eg eta påskemåltidet før det har vorte fullenda i Guds rike.»

Les hele kapitlet Lukas 22