Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 2:7-22 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

7. og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.

8. Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta.

9. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle.

10. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket:

11. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.

12. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»

13. Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:

14. «Ære vere Gud i det høgste,og fred på jordablant menneske Gud har glede i!»

15. Då englane hadde fare attende til himmelen, sa gjetarane til kvarandre: «Lat oss gå inn til Betlehem og sjå dette som har hendt, det som Herren har kunngjort for oss.»

16. Så skunda dei seg dit og fann Maria og Josef og det vesle barnet som låg i krubba.

17. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet.

18. Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde.

19. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det.

20. Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

21. Då åtte dagar var gått og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv.

22. Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren.

Les hele kapitlet Lukas 2