Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 2:37-52 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

37. og sidan hadde ho vore enkje; ho var no åttifire år. Ho var aldri borte frå tempelet, men tente Gud i faste og bøn natt og dag.

38. I denne stunda kom ho fram og lova Gud, og ho fortalde om barnet til alle som venta på fridom for Jerusalem.

39. Då dei hadde gjort alt som var føreskrive i Herrens lov, fór dei attende til Galilea, til heimbyen Nasaret.

40. Og guten voks og vart sterk. Han vart fylt av visdom, og Guds nåde var over han.

41. Kvart år fór Jesu foreldre til Jerusalem i påskehøgtida.

42. Og då han var tolv år, drog dei som vanleg dit opp til høgtida.

43. Men då høgtidsdagane var til ende og dei skulle fara heim, vart guten Jesus verande att i Jerusalem, og foreldra hans la ikkje merke til det.

44. Dei tenkte han var med i følgjet, og fór ei dagsreise fram før dei tok til å leita etter han mellom slektningar og kjenningar.

45. Sidan dei ikkje fann han, fór dei attende til Jerusalem og leita etter han der.

46. Men først etter tre dagar fann dei han i tempelet. Der sat han midt blant lærarane og lydde på dei og stilte spørsmål.

47. Og alle som høyrde på han, undra seg over kor klok han var og kor godt han svara.

48. Då foreldra fekk sjå han, vart dei slegne av undring, og mor hans sa: «Kvifor har du gjort dette mot oss, barnet mitt? Far din og eg har leita etter deg og vore så redde.»

49. Men han svara: «Kvifor leita de etter meg? Visste de ikkje at eg må vera i huset åt Far min?»

50. Men dei skjøna ikkje kva han meinte med dette.

51. Så vart han med dei heim til Nasaret og var lydig mot dei. Men mor hans gøymde alt dette i hjartet sitt.

52. Og Jesus gjekk fram i alder og visdom og var til glede for Gud og menneske.

Les hele kapitlet Lukas 2