Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 2:2-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Dette var første gongen dei tok manntal, og det hende medan Kvirinius var landshovding i Syria.

3. Då fór alle heim, kvar til sin by, og skulle skriva seg i manntalet.

4. Også Josef drog då frå byen Nasaret i Galilea og opp til Judea, til Davidsbyen, som heiter Betlehem, for han høyrde til Davids hus og ætt

5. og skulle skriva seg der saman med Maria, som var lova bort til han. Ho venta då barn.

6. Og medan dei var der, kom tida då ho skulle føda,

7. og ho fekk son sin, den førstefødde. Ho sveipte han og la han i ei krubbe, for det var ikkje husrom for dei.

8. Det var nokre gjetarar der i området som var ute på marka og heldt vakt over flokken sin om natta.

9. Med eitt stod ein Herrens engel framfor dei, og Herrens herlegdom lyste kringom dei. Då vart dei gripne av stor redsle.

10. Men engelen sa til dei: «Ver ikkje redde! Sjå, eg kjem til dykk med bod om ei stor glede, ei glede for heile folket:

11. I dag er det fødd dykk ein frelsar i Davids by. Han er Messias, Herren.

12. Og det skal de ha til teikn: De skal finna eit barn som er sveipt og ligg i ei krubbe.»

13. Brått var det ein stor himmelhær saman med engelen; dei lova Gud og song:

14. «Ære vere Gud i det høgste,og fred på jordablant menneske Gud har glede i!»

Les hele kapitlet Lukas 2