Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 2:17-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

17. Då dei fekk sjå det, fortalde dei alt som hadde vorte sagt dei om dette barnet.

18. Alle som høyrde på, undra seg over det gjetarane fortalde.

19. Men Maria gøymde alt dette i hjartet sitt og grunda på det.

20. Og gjetarane vende attende. Dei lova og prisa Gud for alt dei hadde høyrt og sett; alt var slik som det var sagt dei.

21. Då åtte dagar var gått og han skulle omskjerast, kalla dei han Jesus. Det var det namnet engelen hadde gjeve han før han var komen i mors liv.

22. Då reinsingstida som Moselova påla dei, var til ende, tok dei han med seg opp til Jerusalem. Dei ville bera han fram for Herren.

23. For det står skrive i Herrens lov: Alt av hannkjønn som opnar morslivet, skal helgast til Herren.

24. Dei ville òg bera fram det offeret som er fastsett i Herrens lov: eit par turtelduer eller to dueungar.

25. I Jerusalem var det då ein mann som heitte Simeon; han var ein rettvis og gudfryktig mann som venta på Israels trøyst. Den heilage ande var over han,

26. og Anden hadde late han få vita at han ikkje skulle sjå døden før han hadde sett han som Herren har salva.

27. No kom han opp til tempelet, driven av Anden. Og då foreldra kom med Jesusbarnet for å gjera med han som skikk og bruk var etter lova,

28. tok Simeon barnet i armane sine. Han lova Gud og sa:

29. «Herre, no lèt du tenaren din fara herifrå i fred,slik som du har lova.

30. For mine auge har sett di frelse,

31. som du har gjort i stand like for andletet på alle folk,

32. eit lys til openberring for heidninganeog til ære for folket ditt, Israel.»

33. Far hans og mor hans undra seg over det som vart sagt om han.

34. Og Simeon velsigna dei og sa til Maria, mor hans: «Sjå, han er sett til fall og oppreising for mange i Israel og til eit teikn som blir motsagt

35. – ja, òg gjennom di eiga sjel skal det gå eit sverd. Slik skal dei tankane mange ber i hjartet, koma fram i dagen.»

Les hele kapitlet Lukas 2