Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 19:41-48 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

41. Då Jesus kom nærare og såg Jerusalem, gret han over byen

42. og sa: «Hadde du berre på denne dagen skjøna, du òg, kva som tener til fred! Men no er det gøymt for auga dine.

43. Det skal koma dagar over deg då fiendane dine kastar ein voll opp rundt deg, kringset deg og trengjer deg frå alle kantar.

44. Dei skal slå deg til jorda, og borna dine med deg, og det skal ikkje liggja att stein på stein i deg, fordi du ikkje skjøna at tida var komen då Herren gjesta deg.»

45. Så gjekk Jesus inn på tempelplassen, og der tok han til å jaga ut dei som dreiv handel.

46. Og han sa til dei: «Det står skrive: Mitt hus skal vera eit bønehus.Men de har gjort det til ei røvarhòle.»

47. Sidan var han kvar dag på tempelplassen og underviste. Overprestane og dei skriftlærde og dei fremste mennene i folket leita etter ein utveg til å ta livet av han.

48. Men dei fann ikkje ut korleis dei skulle få det til, for alt folket heldt seg nær han og høyrde på han.

Les hele kapitlet Lukas 19