Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 18:34-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

34. Men dei skjøna ikkje noko av dette. Det var løynt for dei, og dei forstod ikkje det han sa.

35. Då Jesus nærma seg Jeriko, sat det ein blind mann ved vegen og tigga.

36. Mannen høyrde at det var mykje folk på vegen, og spurde kva som stod på.

37. Dei svara: «Det er Jesus frå Nasaret som kjem forbi.»

38. Då ropa han: «Jesus, du Davids son, miskunna deg over meg!»

39. Dei som gjekk føre, tala hardt til han og bad han teia, men han ropa berre endå høgare: «Du Davids son, miskunna deg over meg!»

40. Jesus stansa og bad dei leia den blinde til han. Og då han kom nærare, spurde Jesus han:

41. «Kva vil du eg skal gjera for deg?» «Herre, lat meg få synet att!» svara han.

42. Jesus sa til han: «Du skal bli sjåande! Trua di har frelst deg.»

43. Straks kunne han sjå, og han gav seg i følgje med Jesus og lova Gud. Og alt folket som såg det, prisa Gud.

Les hele kapitlet Lukas 18