Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 18:3-18 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. I same byen var det ei enkje. Ho kom gong på gong til han og sa: ‘Hjelp meg i saka med motparten min, så eg kan få min rett.’

4. Lenge ville han ikkje, men til slutt sa han med seg sjølv: ‘Endå eg verken har ærefrykt for Gud eller tek omsyn til noko menneske,

5. vil eg hjelpa denne enkja til retten hennar, sidan ho plagar meg slik, elles endar det vel med at ho flyg like i synet på meg.’»

6. Og Herren sa: «Høyr kva denne uærlege dommaren seier!

7. Skulle så ikkje Gud hjelpa sine utvalde til retten deira, dei som ropar til han dag og natt? Er han sein til å hjelpa dei?

8. Eg seier dykk: Han skal raskt sørgja for at dei får sin rett. Men når Menneskesonen kjem, skal han då finna trua på jorda?»

9. Til nokre som stolte på at dei sjølve var rettferdige, og såg ned på alle andre, fortalde Jesus denne likninga:

10. «To menn gjekk opp til tempelet for å be. Den eine var farisear og den andre tollar.

11. Farisearen stilte seg opp for seg sjølv og bad slik: ‘Eg takkar deg, Gud, fordi eg ikkje er som andre menneske, dei som svindlar, gjer urett og bryt ekteskapet, eller som den tollaren der.

12. Eg fastar to gonger i veka og gjev tiend av alt eg tener.’

13. Tollaren stod langt unna; han ville ikkje eingong lyfta auga mot himmelen, men slo seg for bringa og sa: ‘Gud, ver meg syndar nådig!’

14. Eg seier dykk: Tollaren gjekk heim rettferdig for Gud, den andre ikkje. For kvar den som set seg sjølv høgt, skal setjast lågt, og den som set seg sjølv lågt, skal setjast høgt.»

15. Dei bar òg spedborna til Jesus for at han skulle røra ved dei. Læresveinane såg det og ville visa dei bort.

16. Men Jesus kalla dei til seg og sa: «Lat småborna koma til meg, og hindra dei ikkje! For Guds rike høyrer slike til.

17. Sanneleg, eg seier dykk: Den som ikkje tek imot Guds rike slik som eit lite barn, skal ikkje koma inn i det.»

18. Ein som var medlem av Rådet, kom og spurde han: «Gode meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?»

Les hele kapitlet Lukas 18