Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 16:27-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Då sa den rike: ‘Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min.

28. Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.’

29. Men Abraham sa: ‘Dei har Moses og profetane, dei kan høyra på dei.’

30. ‘Nei, far Abraham’, svara han, ‘men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.’

31. Då sa Abraham: ‘Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde.’»

Les hele kapitlet Lukas 16