Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 16:25-31 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

25. Abraham svara: ‘Kom i hug, barnet mitt, at du fekk alt det gode medan du levde, og Lasarus like eins det vonde. No blir han trøysta her, medan du lid vondt.

26. Dessutan er det lagt ein avgrunn mellom oss og dykk, slik at dei som vil koma herifrå og over til dykk, ikkje skal kunna det, og ingen kan koma frå dykk og over til oss.’

27. Då sa den rike: ‘Så bed eg deg, far, at du sender han til heimen min.

28. Eg har fem brør. Lat han åtvara dei, så ikkje dei òg skal koma til denne pinestaden.’

29. Men Abraham sa: ‘Dei har Moses og profetane, dei kan høyra på dei.’

30. ‘Nei, far Abraham’, svara han, ‘men kjem det nokon til dei frå dei døde, då vender dei om.’

31. Då sa Abraham: ‘Høyrer dei ikkje på Moses og profetane, så vil dei heller ikkje la seg overtyda om nokon står opp frå dei døde.’»

Les hele kapitlet Lukas 16