Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 16:1-9 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Jesus sa til læresveinane: «Det var ein rik mann som hadde ein forvaltar. Og folk kom til han og sa at denne forvaltaren sløste bort formuen hans.

2. Då kalla han forvaltaren til seg og sa: ‘Kva er det eg høyrer om deg? Legg fram rekneskap for drifta, for du kan ikkje lenger vera forvaltar hos meg.’

3. Mannen tenkte: ‘Kva skal eg gjera no når herren min tek tenesta ifrå meg? Å grava har eg ikkje krefter til, tigga skjemmest eg ved.

4. Jau, eg veit kva eg må gjera for at folk skal ta imot meg i heimane sine når eg blir avsett.’

5. Så kalla han til seg dei som stod i skuld til herren hans, ein for ein. Til den første sa han: ‘Kor mykje er du skuldig herren min?’

6. ‘Hundre fat olje’, svara han. ‘Her er skuldbrevet ditt’, sa forvaltaren, ‘set deg ned med ein gong og skriv femti.’

7. Så spurde han den neste: ‘Og du, kor mykje skuldar du?’ ‘Hundre tønner kveite’, svara han. ‘Her er skuldbrevet ditt, skriv åtti’, sa forvaltaren.

8. Herren rosa den uheiderlege forvaltaren fordi han hadde handla klokt. For born av denne verda steller seg klokare med kvarandre enn det born av lyset gjer.

9. Og eg seier dykk: Bruk den uheiderlege Mammon til å vinna dykk vener som kan ta imot dykk i dei evige heimane når pengane tek slutt.

Les hele kapitlet Lukas 16