Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 15:5-14 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

5. Og når han har funne han, blir han glad og tek han på akslene sine.

6. Straks han kjem heim, kallar han saman vener og naboar og seier til dei: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att den sauen som var bortkomen.’

7. Eg seier dykk: På same måten er det større glede i himmelen over éin syndar som vender om, enn over nittini rettferdige som ikkje treng omvending.

8. Eller om ei kvinne har ti sølvpengar og mistar éin, tenner ho ikkje då ei lampe og sopar heile huset og leitar vel til ho finn han?

9. Og når ho har funne han, kallar ho saman veninner og nabokoner og seier: ‘Gled dykk med meg! Eg har funne att det pengestykket eg hadde mista.’

10. På same måten, seier eg dykk, blir det glede mellom Guds englar over éin syndar som vender om.»

11. Jesus sa: «Ein mann hadde to søner.

12. Den yngste sa til far sin: ‘Far, lat meg få den delen av formuen som fell på meg.’ Så skifte han eigedomen sin mellom dei.

13. Ikkje mange dagane etter selde den yngste sonen alt det han eigde, og drog til eit land langt borte. Der levde han eit vilt liv og sløste bort formuen sin.

14. Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud.

Les hele kapitlet Lukas 15