Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 15:22-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Men faren sa til tenarane: ‘Skund dykk! Finn fram dei beste kleda og ha dei på han, og lat han få ring på fingeren og skor på føtene.

23. Hent så gjøkalven og slakt han, og lat oss halda måltid og feira.

24. For denne sonen min var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’ Og så tok festen og gleda til.

25. Den eldste sonen var ute på marka. Då han gjekk heimover og nærma seg garden, høyrde han spel og dans.

26. Han ropa på ein av karane og spurde kva som stod på.

27. ‘Bror din er komen’, svara han, ‘og far din har slakta gjøkalven fordi han fekk han velberga heim att.’

28. Då vart han sint og ville ikkje gå inn. Far hans kom ut og prøvde å overtala han.

29. Men han svara attende: ‘No har eg tent deg i alle år og aldri sett meg opp mot dine bod. Men meg har du ikkje gjeve så mykje som eit kje, så eg kunne halda fest saman med venene mine.

30. Men når han kjem heim, denne son din som har sløst bort pengane dine i lag med horer, då slaktar du gjøkalven for han!’

31. Då sa far hans: ‘Du er alltid hos meg, barnet mitt, og alt mitt er ditt.

32. Men no må vi halda fest og vera glade. For denne bror din var død og har vorte levande, han var bortkomen og er attfunnen.’»

Les hele kapitlet Lukas 15