Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 15:14-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

14. Då han hadde sett alt over styr, vart det uår og svolt i landet, og han tok til å lida naud.

15. Han gjekk då til ein av mennene der i landet og bad om arbeid, og mannen sende han ut på markene sine for å gjeta grisene.

16. Han ønskte berre å få metta seg med dei belgfruktene som grisene åt, men ingen gav han noko.

17. Då gjekk han i seg sjølv og sa: ‘Kor mange leigekarar heime hos far min har ikkje fullt opp av mat, og her går eg og svelt i hel!

18. Eg vil bryta opp og gå heim til far min og seia: Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg.

19. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger. Men lat meg få vera som ein av leigekarane dine.’

20. Så braut han opp og gjekk heim til far sin.Medan han endå var langt borte, fekk faren sjå han, og han fekk inderleg medkjensle med han. Han sprang imot han, kasta seg om halsen på han og kyste han.

21. Då sa sonen: ‘Far, eg har synda mot Himmelen og mot deg. Eg er ikkje verd å kallast son din lenger.’

Les hele kapitlet Lukas 15