Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 13:30-35 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»

31. I same stunda kom det nokre farisearar og sa til han: «Du må koma deg bort herifrå. Herodes har tenkt å drepa deg.»

32. Men han svara: «Gå og sei til den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att, og tredje dagen er eg ved målet.

33. Men i dag og i morgon og endå ein dag må eg vandra vidare, for ein profet kan ikkje mista livet nokon annan stad enn i Jerusalem.

34. Jerusalem, Jerusalem, du som slår i hel profetane og steinar dei som er sende til deg! Kor ofte ville eg ikkje samla borna dine som ei høne samlar kyllingane under vengene sine. Men de ville ikkje.

35. Så høyr: Huset dykkar skal bli forlate! Eg seier dykk: De skal ikkje sjå meg før den dagen de seier:‘Velsigna er han som kjem i Herrens namn!’»

Les hele kapitlet Lukas 13