Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 13:22-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Medan han var på veg til Jerusalem, drog han omkring frå by til by og frå landsby til landsby og underviste.

23. Då var det ein som spurde: «Herre, er det få som blir frelste?» Han sa til dei:

24. «Kjemp for å koma inn gjennom den tronge døra! Mange, seier eg dykk, skal freista å koma inn, men ikkje greia det.

25. Når husherren først har reist seg og stengt døra og de står utanfor og bankar på og seier: ‘Herre, lat opp for oss’, då skal han svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå.’

26. Då kjem de til å seia: ‘Vi har ete og drukke i lag med deg, og du underviste på gatene våre.’

27. Men han skal svara: ‘Eg veit ikkje kvar de er ifrå. Gå bort frå meg, alle de som gjer urett!’

28. Og de skal gråta og skjera tenner når de får sjå Abraham og Isak og Jakob og alle profetane i Guds rike medan de sjølve er kasta utanfor.

29. Frå aust og vest og frå nord og sør skal menneske koma og sitja til bords i Guds rike.

30. Då skal nokre som er dei siste, bli dei første, og nokre som er dei første, bli dei siste.»

31. I same stunda kom det nokre farisearar og sa til han: «Du må koma deg bort herifrå. Herodes har tenkt å drepa deg.»

32. Men han svara: «Gå og sei til den reven: I dag og i morgon driv eg ut vonde ånder og gjer sjuke friske att, og tredje dagen er eg ved målet.

33. Men i dag og i morgon og endå ein dag må eg vandra vidare, for ein profet kan ikkje mista livet nokon annan stad enn i Jerusalem.

Les hele kapitlet Lukas 13