Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 12:30-42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

30. For alt dette er heidningane i verda opptekne av. Men Far dykkar veit at de treng dette.

31. Søk heller hans rike, så skal de få dette i tillegg.

32. Ver ikkje redd, du vesle flokk! For det er Far dykkars gode vilje å gje dykk riket.

33. Sel det de eig, og gjev gåver til dei fattige. Få dykk pengepungar som ikkje kan slitast ut, ein uforgjengeleg skatt i himmelen, der tjuvar ikkje kjem til og møll ikkje øydelegg.

34. For der skatten dykkar er, vil hjartet dykkar òg vera.

35. Spenn beltet om livet og lat lampene brenna!

36. Ver lik tenarar som ventar herren sin heim frå bryllaupsfest og står ferdige til å opna så snart han kjem og bankar på.

37. Lukkelege er dei tenarane som herren finn vakne når han kjem! Sanneleg, eg seier dykk: Han skal binda opp kjortelen, føra dei til bords og sjølv gå fram og tena dei.

38. Ja, lukkelege er dei som han finn vakne, sjølv om han ikkje kjem før i andre eller tredje nattevakta!

39. Men det skal de vita: Dersom husherren visste kva time tjuven kom, ville han ikkje la han bryta seg inn i huset.

40. Så ver førebudde, de òg! For Menneskesonen kjem i ein time de ikkje ventar det.»

41. Då spurde Peter: «Herre, er det oss du siktar til med denne likninga, eller gjeld ho for alle?»

42. Herren svara:«Kven er den trufaste og kloke hushaldaren, den som herren set over tenestefolket sitt så han skal gje dei mat i rette tid?

Les hele kapitlet Lukas 12