Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 11:9-20 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. Og eg seier dykk: Be, så skal de få. Leit, så skal de finna. Bank på, så skal det latast opp for dykk.

10. For den som bed, han får. Den som leitar, han finn. Og den som bankar på, skal det latast opp for.

11. Finst det ein far mellom dykk som gjev son sin ein orm når han bed om fisk,

12. eller gjev han ein skorpion når han bed om egg?

13. Når då de som er vonde, veit å gje borna dykkar gode gåver, kor mykje meir skal ikkje då Far i himmelen gje Den heilage ande til dei som bed han!»

14. Ein gong dreiv han ut ei vond ånd som var stum. Og då den vonde ånda hadde fare ut, tala han som hadde vore stum. Folket undra seg.

15. Men nokre av dei sa: «Det er ved hjelp av Beelsebul, herskaren over dei vonde åndene, at han driv dei vonde åndene ut.»

16. Andre ville setja han på prøve og kravde eit teikn frå himmelen av han.

17. Men Jesus visste kva dei tenkte, og sa til dei:«Kvart rike som kjem i strid med seg sjølv, blir lagt øyde, og hus på hus rasar saman.

18. Er no Satan komen i strid med seg sjølv, korleis kan då riket hans bli ståande? De seier då at det er ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene.

19. Men er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk.

20. Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.

Les hele kapitlet Lukas 11