Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 11:51-54 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

51. frå drapet på Abel til drapet på Sakarja, han som vart drepen mellom altaret og tempelet. Ja, seier eg dykk, denne slekta skal svara for det.

52. Ve dykk lovkunnige! De har teke bort nøkkelen til kunnskapen. Sjølve gjekk de ikkje inn, og dei som ville gå inn, har de hindra.»

53. Då Jesus gjekk ut derifrå, var dei skriftlærde og farisearane rasande og trengde seg inn på han med mange slags spørsmål.

54. Dei vakta på han og prøvde å få han til å seia noko som dei kunne klaga han for.

Les hele kapitlet Lukas 11