Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 11:27-43 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: «Sælt er det morsliv som bar deg, og brysta som du dia.»

28. Men Jesus svara: «Sei heller: ‘Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.’»

29. Då no folket flokka seg om han, tok han atter til orde:«Denne slekta er ei vond slekt. Ho krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet.

30. For slik Jona vart eit teikn for folket i Ninive, slik skal Menneskesonen bli det for denne slekta.

31. Dronninga frå landet i sør skal stå fram ved dommen saman med mennene i denne slekta og dømma dei. For ho kom heilt frå ytste enden av jorda og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo!

32. Folk frå Ninive skal stå fram ved dommen saman med denne slekta og dømma henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona!

33. Ingen tenner ei oljelampe og set henne i kjellaren eller under eit kar. Nei, han set lampa på haldaren, så dei som kjem inn, kan sjå lyset.

34. Auget er kroppens lampe. Når auget ditt er friskt, er det fordi kroppen er fylt av lys. Men er auget ditt sjukt, er det fordi det er mørkt i kroppen.

35. Sjå då til at lyset i deg ikkje er mørker!

36. Er no alt i kroppen din lys og ingen del av han mørk, då blir alt lyst, som når ei lampe lyser på deg med strålane sine.»

37. Då han hadde tala, spurde ein farisear om han ville eta heime hos han. Og Jesus gjekk inn og tok plass ved bordet.

38. Farisearen undra seg då han såg at Jesus ikkje helte vatn over hendene før måltidet.

39. Men Herren sa til han:«Ja, de farisearar, de reingjer utsida av skåler og fat, men på innsida er de griske og fulle av vondskap.

40. Uvituge menneske! Han som har skapt det som er utvendig, har ikkje han skapt det som er innvendig òg?

41. Gjev heller det de har i skålene og fata, som gåve til dei fattige. Då blir alt reint for dykk.

42. Men ve dykk, farisearar! De gjev tiend av mynte, vinrute og alle slags grønsaker, men bryr dykk ikkje om rettferd og kjærleik til Gud. Det eine skulle gjerast og det andre ikkje vera ugjort.

43. Ve dykk, farisearar! De elskar å sitja fremst i synagogane og vil gjerne at folk skal helsa dykk på torget.

Les hele kapitlet Lukas 11