Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 11:19-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. Men er det ved Beelsebul eg driv ut dei vonde åndene, kven er det då dykkar eigne folk driv ut ånder ved? Difor skal dei dømma dykk.

20. Men er det med Guds finger eg driv ut dei vonde åndene, ja, då har Guds rike nådd fram til dykk.

21. Når den sterke med våpen i hand vaktar garden sin, får det han eig, vera i fred.

22. Men kjem det ein som er sterkare og vinn over han, då tek denne mannen våpna som den sterke sette si lit til, og deler ut byttet.

23. Den som ikkje er med meg, er imot meg. Og den som ikkje samlar med meg, han spreier.

24. Når ei urein ånd fer ut av eit menneske, flakkar ho over tørre vidder og leitar etter ein kvilestad, men finn ingen. Då seier ho: ‘Eg vil fara attende til huset mitt, som eg flytte ifrå.’

25. Når ho kjem att, finn ho det feia og pynta.

26. Då fer ho av stad og får med seg sju andre ånder som er verre enn ho sjølv, og dei flytter inn og slår seg til der. Og det siste blir verre for dette mennesket enn det første.»

27. Då han sa dette, var det ei kvinne i folkehopen som ropa: «Sælt er det morsliv som bar deg, og brysta som du dia.»

28. Men Jesus svara: «Sei heller: ‘Sæle er dei som høyrer Guds ord og tek vare på det.’»

29. Då no folket flokka seg om han, tok han atter til orde:«Denne slekta er ei vond slekt. Ho krev teikn, men ho skal ikkje få noko anna teikn enn Jona-teiknet.

30. For slik Jona vart eit teikn for folket i Ninive, slik skal Menneskesonen bli det for denne slekta.

31. Dronninga frå landet i sør skal stå fram ved dommen saman med mennene i denne slekta og dømma dei. For ho kom heilt frå ytste enden av jorda og ville høyra Salomos visdom. Og her er meir enn Salomo!

32. Folk frå Ninive skal stå fram ved dommen saman med denne slekta og dømma henne. For dei vende om då Jona forkynte bodskapen sin. Og her er meir enn Jona!

Les hele kapitlet Lukas 11