Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 10:36-42 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

36. Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?»

37. «Den som viste miskunn mot han», svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.»

38. Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han {{i heimen sin.}}

39. Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans.

40. Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.»

41. Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting.

42. Men det er eitt som er nødvendig. Maria har valt den gode delen, og den skal ikkje takast frå henne.»

Les hele kapitlet Lukas 10