Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 10:24-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

24. For eg seier dykk: Mange profetar og kongar ville gjerne sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra.»

25. Då steig det fram ein lovkunnig. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?»

26. «Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Korleis les du?»

27. Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.»

28. Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.»

29. Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?»

30. Jesus tok dette opp og sa:«Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød.

31. Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi.

32. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi.

33. Ein samaritan som var ute på reise, kom òg den vegen. Og då han fekk sjå mannen, fekk han inderleg medkjensle med han.

34. Han gjekk bort til mannen, helte olje og vin på såra hans og la forbinding på dei. Så lyfte han mannen opp på eselet sitt og førte han til eit herberge og stelte vel med han.

35. Morgonen etter tok han fram to denarar, gav dei til verten og sa: ‘Sørg vel for mannen, og må du leggja ut meir, skal du få det når eg kjem tilbake.’

36. Kven av desse tre tykkjer du viste seg som ein neste for han som fall i hendene på røvarane?»

37. «Den som viste miskunn mot han», svara den lovkunnige. Då sa Jesus: «Gå du og gjer som han.»

38. Medan dei var på veg, kom Jesus til ein landsby, og ei kvinne som heitte Marta, tok imot han {{i heimen sin.}}

39. Ho hadde ei syster som heitte Maria, og Maria sette seg ved Herrens føter og lydde på orda hans.

40. Men Marta hadde det så travelt med alt ho skulle stella til. Og ho gjekk bort til dei og sa: «Herre, bryr du deg ikkje om at syster mi lèt meg vera tenar åleine? Sei til henne at ho skal hjelpa meg.»

41. Då svara Herren: «Marta, Marta! Du gjer deg strev og uro med mange ting.

Les hele kapitlet Lukas 10