Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 10:21-32 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. I same stunda jubla han i Den heilage ande og sa: «Eg lovar deg, Far, Herre over himmel og jord, fordi du har løynt dette for vise og forstandige, men openberra det for umyndige små. Ja, Far, for dette var din gode vilje.

22. Alt har Far min overgjeve til meg. Ingen veit kven Sonen er, utan Faderen, og ingen veit kven Faderen er, utan Sonen og den som Sonen vil openberra det for.»

23. Då dei var åleine, vende han seg til læresveinane og sa: «Sæle dei auga som ser det de ser!

24. For eg seier dykk: Mange profetar og kongar ville gjerne sjå det som de ser, men fekk ikkje sjå, og høyra det som de høyrer, men fekk ikkje høyra.»

25. Då steig det fram ein lovkunnig. Han ville setja Jesus på prøve og sa: «Meister, kva skal eg gjera så eg kan arva evig liv?»

26. «Kva står skrive i lova?» sa Jesus. «Korleis les du?»

27. Han svara: «Du skal elska Herren din Gud av heile ditt hjarte og av heile di sjel og av all di makt og av alt ditt vit, og elska nesten din som deg sjølv.»

28. Då sa Jesus: «Du svara rett. Gjer det, så skal du leva.»

29. Men mannen ville gjera seg rettferdig og spurde: «Kven er så nesten min?»

30. Jesus tok dette opp og sa:«Ein mann var på veg frå Jerusalem ned til Jeriko. Då fall han i hendene på røvarar. Dei reiv av han kleda og skamslo han, så gjekk dei sin veg og lét han liggja der halvdød.

31. Så hende det at ein prest kom same vegen. Han såg mannen, men gjekk utanom og forbi.

32. Det same gjorde ein levitt; han kom dit, såg mannen og gjekk rett forbi.

Les hele kapitlet Lukas 10