Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 10:1-10 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Sidan tok Herren ut syttito andre og sende dei ut føre seg, to og to, til kvar by og kvar bygd som han sjølv skulle til.

2. Og han sa til dei:«Grøda er stor, men arbeidsfolka er få. Be då han som er herre over grøda, at han må senda ut arbeidsfolk til å hausta inn grøda si.

3. Gå av stad! Eg sender dykk ut som lam mellom ulvar.

4. Ta ikkje med pengepung, ikkje veske og ikkje skor, og hels ikkje på folk på vegen.

5. Men når de kjem inn i eit hus, skal de først seia: ‘Fred vere med denne heimen!’

6. Om der bur eit fredens menneske, skal freden dykkar kvila over han. Dersom ikkje, skal freden venda attende til dykk sjølve.

7. Bli verande der i huset og et og drikk det dei byd fram! For ein arbeidar er verd si løn. Flytt ikkje frå hus til hus!

8. Når de kjem inn i ein by og dei tek imot dykk, så et det dei set fram for dykk!

9. Læk dei sjuke der og sei: ‘Guds rike er kome nær til dykk!’

10. Men når de kjem inn i ein by og dei ikkje tek imot dykk, skal de gå ut på gatene og seia:

Les hele kapitlet Lukas 10