Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 1:8-17 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Ein dag gjorde Sakarja presteteneste for Gud, for turen var komen til hans vaktskift.

9. Dei kasta lodd, som skikken var blant prestane, og det fall på Sakarja å gå inn i Herrens tempel og brenna røykjelse på altaret.

10. Medan offeret vart bore fram, stod heile folkemengda utanfor og bad.

11. Då synte ein Herrens engel seg for han på høgre sida av røykjelsesaltaret.

12. Sakarja vart slegen av redsle då han såg dette.

13. Men engelen sa til han:«Ver ikkje redd, Sakarja!Bøna di har vorte høyrd.Elisabet, kona di, skal føda deg ein son,og du skal gje han namnet Johannes.

14. Han skal bli til glede og fryd for deg,og mange skal gleda seg fordi han er fødd.

15. For han skal vera stor i Herrens auge. Han skal ikkje drikka vin og sterk drikk,og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den heilage ande.

16. Han skal få mange i Israel til å venda om til Herren, deira Gud.

17. Han skal gå føre Herrenmed same ånd og kraft som Elia hadde,for å venda fedrehjarta til bornaog gje ulydige det sinn som rettferdige har,for å gjera i stand for Herren eit folk som er vel førebudd.»

Les hele kapitlet Lukas 1