Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 1:50-63 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

50. Frå slekt til slekt varer hans miskunnover dei som ottast han.

51. Han gjorde storverk med sin sterke arm;han spreidde dei som bar hovmodstankar i hjartet.

52. Han støytte stormenn ned frå tronaog lyfte opp dei låge.

53. Han metta dei svoltne med gode gåver,men sende dei rike tomhendte frå seg.

54. Han tok seg av Israel, sin tenar,og kom i hug si miskunn

55. slik han lova våre fedrar,Abraham og hans ætt, til evig tid.»

56. Maria vart verande hos Elisabet i om lag tre månader; så reiste ho heim att.

57. Så kom tida då Elisabet skulle ha barn, og ho fødde ein son.

58. Naboane og slektningane hennar fekk høyra at Herren hadde vist henne stor miskunn, og dei gledde seg med henne.

59. Den åttande dagen kom dei og skulle omskjera guten. Dei ville kalla han Sakarja etter faren,

60. men mora sa: «Nei, han skal heita Johannes.»

61. «Det er då ingen i slekta di som har det namnet», svara dei.

62. Så gjorde dei teikn til faren for å få vita kva han ville at guten skulle heita.

63. Han bad om ei tavle og skreiv: «Johannes er namnet hans.» Alle undra seg,

Les hele kapitlet Lukas 1