Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 1:38-48 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

38. Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.

39. Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda

40. der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne.

41. Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande

42. og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv.

43. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg?

44. For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd.

45. Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»

46. Då sa Maria:«Mi sjel høglovar Herren,

47. og mi ånd frydar seg i Gud, min frelsar.

48. For han har sett til si tenestekvinne i hennar fattigdom.Og sjå, frå no av skal alle slekter prisa meg sæl,

Les hele kapitlet Lukas 1