35. Engelen svara:«Den heilage ande skal koma over deg,og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.Difor skal òg barnet som blir fødd,vera heilagt og kallast Guds Son.
36. Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden.
37. For ingen ting er umogleg for Gud.»
38. Då sa Maria: «Sjå, eg er Herrens tenestekvinne. Lat det gå meg som du har sagt.» Så forlét engelen henne.
39. Nokre dagar etter drog Maria av stad og skunda seg opp i fjellbygdene, til den byen i Juda
40. der Sakarja budde. Der gjekk ho inn til Elisabet og helsa på henne.
41. Då Elisabet høyrde helsinga frå Maria, sparka barnet i magen hennar. Ho vart fylt av Den heilage ande
42. og ropa høgt: «Velsigna er du mellom kvinner, og velsigna er frukta i ditt morsliv.
43. Korleis kunne det henda meg at mor til Herren min kjem til meg?
44. For då lyden av helsinga di nådde øyret mitt, sparka barnet i magen min av fryd.
45. Ja, sæl er ho som trudde, for det Herren har sagt til henne, skal oppfyllast.»
46. Då sa Maria:«Mi sjel høglovar Herren,