Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 1:22-36 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

22. Men då han kom ut, kunne han ikkje tala med dei. Dei skjøna at han hadde hatt eit syn i tempelet. Han gjorde berre teikn til dei; han var og vart verande stum.

23. Då tenestetida hans var ute, fór han heim att.

24. Ei tid etter vart Elisabet, kona hans, med barn, og ho heldt seg borte frå folk i fem månader.

25. «Dette har Herren gjort for meg», sa ho. «No har han sett til meg og teke bort mi vanære blant folk.»

26. Men då Elisabet var i sjette månaden, vart engelen Gabriel send frå Gud til ein by i Galilea som heitte Nasaret,

27. til ei jomfru som var lova bort til Josef, ein mann av Davids ætt. Namnet hennar var Maria.

28. Engelen kom inn til henne og sa: «Ver helsa, du som har fått nåde! Herren er med deg!»

29. Ved desse orda vart ho forskrekka og undrast på kva denne helsinga skulle tyda.

30. Men engelen sa til henne:«Ver ikkje redd, Maria! For du har funne nåde hos Gud.

31. Høyr! Du skal bli med barn og få ein son,og du skal gje han namnet Jesus.

32. Han skal vera stor og kallast Son til Den høgste.Herren Gud skal gje han kongsstolen til David, far hans.

33. Han skal vera konge over Jakobs hus til evig tid,og det skal ikkje vera ende på kongedømet hans.»

34. Maria sa til engelen: «Korleis skal dette gå til når eg ikkje har vore saman med nokon mann?»

35. Engelen svara:«Den heilage ande skal koma over deg,og krafta frå Den høgste skal skyggja over deg.Difor skal òg barnet som blir fødd,vera heilagt og kallast Guds Son.

36. Og høyr: Elisabet, slektningen din, ventar ein son, ho òg, på sine gamle dagar. Ho som dei sa ikkje kunne få born, er alt i sjette månaden.

Les hele kapitlet Lukas 1