Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 1:15-24 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

15. For han skal vera stor i Herrens auge. Han skal ikkje drikka vin og sterk drikk,og heilt frå mors liv skal han vera fylt av Den heilage ande.

16. Han skal få mange i Israel til å venda om til Herren, deira Gud.

17. Han skal gå føre Herrenmed same ånd og kraft som Elia hadde,for å venda fedrehjarta til bornaog gje ulydige det sinn som rettferdige har,for å gjera i stand for Herren eit folk som er vel førebudd.»

18. Då sa Sakarja til engelen: «Korleis kan eg vita om dette er sant? Eg er ein gammal mann, og kona mi er òg langt oppi åra.»

19. Engelen svara: «Eg er Gabriel, som står for Guds andlet. Eg er send for å tala til deg og bera fram denne gode bodskapen.

20. No skal du bli stum og ikkje kunna tala før den dagen dette hender. For du trudde ikkje orda mine. Men det eg har sagt, skal oppfyllast i si tid.»

21. Imedan stod folket og venta på Sakarja og undra seg over at han vart verande så lenge i tempelet.

22. Men då han kom ut, kunne han ikkje tala med dei. Dei skjøna at han hadde hatt eit syn i tempelet. Han gjorde berre teikn til dei; han var og vart verande stum.

23. Då tenestetida hans var ute, fór han heim att.

24. Ei tid etter vart Elisabet, kona hans, med barn, og ho heldt seg borte frå folk i fem månader.

Les hele kapitlet Lukas 1