Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Lukas 1:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Mange har alt prøvd å gje ei framstilling av det som har vorte oppfylt blant oss,

2. slik vi har fått det overlevert av dei som frå første stund var augnevitne og tenarar for Ordet.

3. No har eg òg sett meg føre å skriva det ned for deg i samanheng, vørde Teofilos, etter å ha granska alt vel frå først av,

4. så du kan sjå at det er påliteleg, det du er opplært i.

5. I dei dagane då Herodes var konge i Judea, var det i Abias vaktskift ein prest som heitte Sakarja. Kona hans var òg av Aronsætta og heitte Elisabet.

6. Begge var rettferdige for Gud og levde uklanderleg etter alle Herrens bod og forskrifter.

7. Dei var barnlause, for Elisabet kunne ikkje få born, og no var dei begge langt oppi åra.

8. Ein dag gjorde Sakarja presteteneste for Gud, for turen var komen til hans vaktskift.

9. Dei kasta lodd, som skikken var blant prestane, og det fall på Sakarja å gå inn i Herrens tempel og brenna røykjelse på altaret.

10. Medan offeret vart bore fram, stod heile folkemengda utanfor og bad.

11. Då synte ein Herrens engel seg for han på høgre sida av røykjelsesaltaret.

12. Sakarja vart slegen av redsle då han såg dette.

13. Men engelen sa til han:«Ver ikkje redd, Sakarja!Bøna di har vorte høyrd.Elisabet, kona di, skal føda deg ein son,og du skal gje han namnet Johannes.

Les hele kapitlet Lukas 1