Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Kolossarane 3:8-21 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

8. Men no må de leggja av alt dette: sinne, raseri, vondskap, spott og rått snakk.

9. Og lyg ikkje for kvarandre! For de har kledd av dykk det gamle mennesket med dei gjerningar som høyrer det til,

10. og ikledd dykk det nye mennesket, som blir fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna.

11. Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, barbar, skytar, slave eller fri. Nei, Kristus er alt og i alle.

12. De er Guds utvalde, heilage og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og ver gode, milde, audmjuke og tolmodige,

13. så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre.

14. Og over alt dette: Kled dykk i kjærleik, det bandet som bind saman og gjer fullkomen.

15. Lat Kristi fred rå i hjartet dykkar, for til det vart de kalla då de vart éin kropp. Og ver takksame!

16. Lat Kristi ord få rikeleg rom hos dykk, så de med visdom kan undervisa og rettleia kvarandre, med salmar, hymner og åndelege songar. Syng for Gud med takk i hjarta!

17. Og alt de gjer, i ord og gjerning, skal de gjera i Herren Jesu namn og ved han takka Gud, vår Far.

18. Kvinner, underordna dykk mennene dykkar, som det sømer seg i Herren.

19. Menn, elsk konene dykkar og ver ikkje harde mot dei.

20. Born, ver lydige mot foreldra dykkar i alle ting, for det er til glede i Herren.

21. Foreldre, ver ikkje så strenge mot borna dykkar at dei mistar motet.

Les hele kapitlet Kolossarane 3