Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Kolossarane 3:2-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

2. Vend dykkar sinn til det som er der oppe, ikkje til det som er på jorda.

3. For de er døde, og livet dykkar er løynt med Kristus i Gud.

4. Men når Kristus, dykkar liv, openberrar seg, skal de òg openberrast i herlegdom saman med han.

5. Så lat det jordiske i dykk døy: hor, ureinskap, lidenskap, vond lyst, og trongen til alltid å eiga meir, som ikkje er anna enn avgudsdyrking.

6. Alt dette gjer at Guds vreide kjem over dei ulydige.

7. Mellom dei var de òg, den gongen de levde i dette.

8. Men no må de leggja av alt dette: sinne, raseri, vondskap, spott og rått snakk.

9. Og lyg ikkje for kvarandre! For de har kledd av dykk det gamle mennesket med dei gjerningar som høyrer det til,

10. og ikledd dykk det nye mennesket, som blir fornya etter sin skapars bilete og lærer han å kjenna.

11. Her er ikkje grekar eller jøde, omskoren eller uomskoren, barbar, skytar, slave eller fri. Nei, Kristus er alt og i alle.

12. De er Guds utvalde, heilage og elska av han. Kled dykk difor i inderleg medkjensle og ver gode, milde, audmjuke og tolmodige,

13. så de ber over med kvarandre og tilgjev kvarandre om den eine har noko å klaga den andre for. Som Herren har tilgjeve dykk, skal de tilgje kvarandre.

Les hele kapitlet Kolossarane 3