Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Kolossarane 2:9-16 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

9. For i hans kropp bur heile guddomsfylden,

10. og i han, som er hovudet for alle makter og åndskrefter, har de fått denne fylden.

11. I han vart de òg omskorne, men ikkje av menneskehender. De vart omskorne med Kristi omskjering då de la av den kroppen som kjøtet har makta over.

12. For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, han som reiste Kristus opp frå dei døde.

13. De var døde på grunn av misgjerningane og det uomskorne kjøtet dykkar. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus då han tilgav oss alle våre misgjerningar.

14. Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen.

15. Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

16. Så lat då ingen dømma dykk når det gjeld mat og drikke, høgtider, nymånedagar eller sabbatsdagar.

Les hele kapitlet Kolossarane 2