Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Kolossarane 2:3-15 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

3. For i han ligg alle skattar av visdom og kunnskap gøymde.

4. Dette seier eg for at ingen skal lura dykk med lokkande talemåtar.

5. For sjølv om eg ikkje er hos dykk med kroppen, er eg hos dykk i ånda, og eg ser med glede den gode orden som rår hos dykk, og kor faste de er i trua på Kristus.

6. Når de har teke imot Kristus Jesus som Herre, så lev då i han,

7. rotfeste i han og oppbygde på han! Stå faste i den trua de er opplærte i, og lat dykkar takk fløyma!

8. Sjå til at ingen får fanga dykk med visdomslære og tomt bedrag som kjem frå menneskelege overleveringar, frå grunnkreftene i verda og ikkje frå Kristus.

9. For i hans kropp bur heile guddomsfylden,

10. og i han, som er hovudet for alle makter og åndskrefter, har de fått denne fylden.

11. I han vart de òg omskorne, men ikkje av menneskehender. De vart omskorne med Kristi omskjering då de la av den kroppen som kjøtet har makta over.

12. For i dåpen vart de gravlagde med han; der vart de òg oppreiste med han, ved trua på Guds kraft, han som reiste Kristus opp frå dei døde.

13. De var døde på grunn av misgjerningane og det uomskorne kjøtet dykkar. Men han gjorde dykk levande saman med Kristus då han tilgav oss alle våre misgjerningar.

14. Skuldbrevet mot oss sletta han, det som var skrive med lovbod; han tok det bort frå oss då han nagla det til krossen.

15. Han kledde maktene og åndskreftene nakne og viste dei fram til spott og spe då han synte seg som sigerherre over dei på krossen.

Les hele kapitlet Kolossarane 2