Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Kolossarane 2:19-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

19. og held ikkje fast på han som er hovudet. Ut frå han veks heile kroppen med ein vokster som er av Gud, og blir halden oppe og bunden saman av alle sener og band.

20. Når de med Kristus har døydd bort frå grunnkreftene i verda, korleis kan de då leva slik ein gjer i verda, og følgja bod som

21. «ta ikkje», «smak ikkje», «rør ikkje»?

22. Dette er berre menneskelege bod og lærdomar om ting som er meinte til å brukast og gå til grunne.

23. Rett nok har slikt ord på seg for å vera visdom, både sjølvlaga gudsdyrking, sjølvfornekting og mishandling av kroppen. Men det er ingen ting verdt, det tener berre til å gjera kjøtet vårt til lags.

Les hele kapitlet Kolossarane 2