Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Kolossarane 1:21-29 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

21. De òg var ein gong framande og fiendar av Gud i sinn og tanke med dei vonde gjerningane dykkar.

22. Men no har han forsona dykk med seg, då Kristus leid døden i sin kropp av kjøt og blod. Heilage, uklanderlege og utan feil ville han stilla dykk fram for seg,

23. så sant de blir ståande i trua, grunnfeste og støe, og ikkje lèt dykk riva bort frå håpet i evangeliet, det som de har høyrt. Det er forkynt for alle skapningar under himmelen, og eg, Paulus, er ein tenar for det.

24. No gleder eg meg over det eg må lida for dykk, og det som enno manglar i Kristi lidingar, det utfyller eg med min eigen kropp; eg lid for hans kropp, som er kyrkja.

25. Hennar tenar har eg vorte fordi Gud gav meg oppgåva som forvaltar hos dykk: å fullføra tenesta med Guds ord,

26. det mysteriet som har vore løynt gjennom alle tider og for alle slekter, men som no er openberra for hans heilage.

27. Gud ville kunngjera for dei kor rikt på herlegdom dette mysteriet er for folkeslaga: Kristus er mellom dykk, håpet om herlegdomen!

28. Det er han vi forkynner. Og vi rettleier og underviser alle menneske i den fulle visdom, så vi kan føra kvart menneske fram til mognad i Kristus.

29. For å nå dette målet arbeider og kjempar eg i hans kraft, som verkar i meg med styrke.

Les hele kapitlet Kolossarane 1