Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 9:27-41 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

27. «Eg har alt sagt dykk det», sa han, «og de ville ikkje høyra på meg. Kvifor vil de høyra det om att? Kanskje vil de òg bli læresveinane hans?»

28. Dei skjelte han ut og sa: «Du er læresveinen hans, vi er læresveinane til Moses.

29. Vi veit at Gud har tala til Moses, men vi veit ikkje kvar dette mennesket er ifrå.»

30. «Det er då underleg», sa mannen, «at de ikkje veit kvar han er ifrå, endå han har opna auga mine.

31. Vi veit at Gud ikkje høyrer på syndarar, men han høyrer på den som har gudsfrykt og gjer etter hans vilje.

32. Så lenge verda har stått, har ein aldri høyrt om at nokon har opna auga på ein som er fødd blind.

33. Var ikkje denne mannen frå Gud, kunne han ingen ting gjera.»

34. Dei svara: «Du er fødd syndar tvers igjennom, og du vil læra oss?» Så kasta dei han ut.

35. Jesus fekk høyra at dei hadde kasta han ut, og då han møtte mannen, spurde han: «Trur du på Menneskesonen?»

36. Mannen svara: «Kven er han då, gode herre, så eg kan tru på han?»

37. «Du har sett han», sa Jesus. «Det er han som no snakkar med deg.»

38. «Eg trur, Herre», sa mannen. Og han tilbad han.

39. Då sa Jesus: «Til dom er eg komen til denne verda, så dei som ikkje ser, skal sjå, og dei som ser, skal bli blinde.»

40. Nokre av farisearane som stod der, høyrde dette og sa til han: «Kanskje vi òg er blinde?»

41. Jesus svara: «Var de blinde, hadde de inga synd. Men no seier de ‘Vi ser!’ Difor blir synda dykkar ståande.»

Les hele kapitlet Johannes 9