Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 9:26-30 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

26. «Kva gjorde han med deg?» spurde dei. «Korleis opna han auga dine?»

27. «Eg har alt sagt dykk det», sa han, «og de ville ikkje høyra på meg. Kvifor vil de høyra det om att? Kanskje vil de òg bli læresveinane hans?»

28. Dei skjelte han ut og sa: «Du er læresveinen hans, vi er læresveinane til Moses.

29. Vi veit at Gud har tala til Moses, men vi veit ikkje kvar dette mennesket er ifrå.»

30. «Det er då underleg», sa mannen, «at de ikkje veit kvar han er ifrå, endå han har opna auga mine.

Les hele kapitlet Johannes 9