Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 9:10-23 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

10. «Korleis vart auga dine opna?» spurde dei.

11. Han svara: «Den mannen som heiter Jesus, laga til litt leire og smurde på auga mine og sa: ‘Gå til Siloa-dammen og vask deg!’ Eg gjekk dit, og då eg hadde vaska meg, kunne eg sjå.»

12. «Kvar er denne mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje», svara han.

13. Så førte dei mannen som hadde vore blind, til farisearane.

14. Det var sabbat den dagen Jesus hadde laga til leire og opna auga hans.

15. Også farisearane spurde korleis han hadde fått synet. «Han la leire på auga mine», svara mannen, «så vaska eg meg, og no ser eg.»

16. Då sa nokre av farisearane: «Denne mannen er ikkje frå Gud sidan han ikkje held sabbaten.» Andre sa: «Korleis kan eit syndig menneske gjera slike teikn?» Det vart usemje mellom dei om dette.

17. Så spurde dei på nytt han som hadde vore blind: «Kva meiner du om han, sidan det var dine auge han opna?» «Han er ein profet», svara mannen.

18. Jødane ville ikkje tru at han hadde vore blind og no kunne sjå. Difor sende dei bod på foreldra til han som hadde fått synet att,

19. og spurde dei: «Er dette son dykkar, han som de seier er fødd blind? Korleis har det seg då at han kan sjå?»

20. Foreldra svara: «Vi veit at dette er vår son, og at han er fødd blind.

21. Men korleis det har seg at han no kan sjå, det veit vi ikkje, og heller ikkje veit vi kven som har opna auga hans. Spør han sjølv! Han er gammal nok til å svara for seg.»

22. Dette sa dei fordi dei var redde jødane. For jødane hadde alt vorte einige om at den som vedkjende at Jesus var Messias, skulle støytast ut av synagogen.

23. Difor sa foreldra hans: «Han er gammal nok, spør han sjølv.»

Les hele kapitlet Johannes 9