Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 9:1-13 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

1. Då Jesus kom gåande, fekk han sjå ein mann som hadde vore blind frå han var fødd.

2. Læresveinane spurde: «Rabbi, kven er det som har synda, han eller foreldra hans, sidan han vart fødd blind?»

3. Jesus svara: «Verken han eller foreldra hans har synda. Men no kan Guds gjerningar bli openberra på han.

4. Så lenge det er dag, må vi gjera hans gjerningar som har sendt meg. Det kjem ei natt då ingen kan arbeida.

5. Så lenge eg er i verda, er eg lyset i verda.»

6. Då han hadde sagt det, spytta han på jorda og laga til litt leire av spyttet og smurde på auga til mannen.

7. Så sa han: «Gå og vask deg i Siloa-dammen!» Siloa tyder utsend. Mannen gjekk dit og vaska seg, og då han kom att, kunne han sjå.

8. Naboane og dei som før hadde sett at han var tiggar, sa då: «Er ikkje dette han som sat og tigga?»

9. «Jau, det er han», sa somme. Andre sa: «Nei, men han liknar.» Sjølv sa han: «Det er eg.»

10. «Korleis vart auga dine opna?» spurde dei.

11. Han svara: «Den mannen som heiter Jesus, laga til litt leire og smurde på auga mine og sa: ‘Gå til Siloa-dammen og vask deg!’ Eg gjekk dit, og då eg hadde vaska meg, kunne eg sjå.»

12. «Kvar er denne mannen?» spurde dei. «Eg veit ikkje», svara han.

13. Så førte dei mannen som hadde vore blind, til farisearane.

Les hele kapitlet Johannes 9