Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 8:45-59 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

45. Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje.

46. Kven av dykk kan peika på synd hos meg? Men når det er sanning eg seier, kvifor trur de meg ikkje då?

47. Den som er av Gud, høyrer Guds ord. De høyrer ikkje, for de er ikkje av Gud.»

48. Då svara jødane: «Er det ikkje sant som vi seier, at du er ein samaritan og har ei vond ånd i deg?»

49. «Eg har inga vond ånd i meg», sa Jesus, «men eg ærar Far min, og de vanærar meg.

50. Eg søkjer ikkje mi eiga ære. Det er ein som det gjer, og han dømmer.

51. Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve sjå døden.»

52. Jødane svara: «No skjønar vi at du har ei vond ånd i deg. Abraham og profetane døydde, og du seier: Den som held fast på mitt ord, skal ikkje i all æve smaka døden.

53. Du er vel ikkje større enn Abraham, far vår? Både han og profetane døydde. Kven gjev du deg ut for å vera?»

54. Jesus svara: «Dersom eg ærar meg sjølv, er æra mi ingen ting verd. Det er Far min som ærar meg, han som de kallar dykkar Gud.

55. De har aldri kjent han, men eg kjenner han. Om eg sa at eg ikkje kjenner han, var eg ein løgnar, slik som de. Men eg kjenner han og held fast på hans ord.

56. Abraham, far dykkar, gledde seg hjarteleg til å sjå min dag. Han fekk sjå den dagen og fryda seg.»

57. «Du er enno ikkje femti år», sa jødane, «og så har du sett Abraham?»

58. Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Før Abraham var, er eg.»

59. Då tok dei opp steinar og ville kasta på han. Men Jesus løynde seg og gjekk bort frå tempelplassen.

Les hele kapitlet Johannes 8