Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 8:39-45 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

39. «Vår far er Abraham», sa dei. Jesus svara: «Var de Abrahams born, gjorde de som Abraham.

40. Men no vil de drepa meg, eit menneske som har sagt dykk sanninga han har høyrt av Gud. Det gjorde ikkje Abraham.

41. De gjer som far dykkar gjorde.» «Vi er ikkje fødde i hor», sa dei. «Vi har éin far, og det er Gud.»

42. Jesus sa til dei: «Var Gud far dykkar, så hadde de elska meg; for eg har gått ut frå Gud og er komen frå han. Eg er ikkje komen av meg sjølv, men han har sendt meg.

43. Kvifor skjønar de ikkje det eg seier? Fordi de ikkje toler å høyra mitt ord!

44. De har djevelen til far og vil gjera det far dykkar ønskjer. Han har vore ein mordar heilt frå opphavet og står utanfor sanninga; ja, det finst ikkje sanning i han. Når han lyg, talar han ut frå sitt eige, for han er ein løgnar og far til løgna.

45. Men eg seier sanninga, og difor trur de meg ikkje.

Les hele kapitlet Johannes 8