Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 8:32-38 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

32. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»

33. «Vi er Abrahams ætt», la dei imot, «og har aldri vore slavar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal bli frie?»

34. Jesus svara: «Sanneleg, sanneleg, eg seier dykk: Kvar den som gjer synd, er slave under synda.

35. Ein slave blir ikkje verande i huset i all framtid, men ein son blir verande der for alltid.

36. Får Sonen gjort dykk frie, blir de verkeleg frie.

37. Eg veit at de er Abrahams ætt, men de vil drepa meg, for ordet mitt har ikkje rom hos dykk.

38. Eg talar om det eg har sett hos min Far, og de gjer det de har høyrt av dykkar far.»

Les hele kapitlet Johannes 8