Det Gamle Testamente

Det Nye Testamente

Johannes 8:20-33 Bibelen 2011 Nynorsk (N11NN)

20. Dette sa Jesus medan han sat og underviste ved tempelkista. Men ingen la hand på han, for timen hans var endå ikkje komen.

21. Ein annan gong sa Jesus til dei: «Eg går bort, og de kjem til å leita etter meg; men de skal døy i synda dykkar. Dit eg går, kan ikkje de koma.»

22. Då sa jødane: «Han vil vel ikkje ta sitt eige liv, sidan han seier: Dit eg går, kan ikkje de koma?»

23. Jesus sa til dei: «De er nedanfrå, eg er ovanfrå. De er av denne verda, eg er ikkje av denne verda.

24. Eg sa at de skal døy i syndene dykkar. For trur de ikkje at Eg er, skal de døy i syndene dykkar.»

25. «Kven er du?» spurde dei. «Den eg har sagt dykk frå først av», sa Jesus.

26. «Mykje har eg å seia om dykk og dømma dykk for. Men han som har sendt meg, talar sant, og det eg har høyrt av han, det talar eg til verda.»

27. Dei skjøna ikkje at det var Far sin han tala om.

28. Difor sa Jesus til dei: «Når de får lyft Menneskesonen opp, skal de skjøna at Eg er, og at eg ikkje gjer noko av meg sjølv, men talar slik som Far har lært meg.

29. Og han som har sendt meg, er med meg. Han lèt meg ikkje vera åleine, for eg gjer alltid det som er etter hans gode vilje.»

30. Då han sa dette, var det mange som tok til å tru på han.

31. Så sa Jesus til dei jødane som var komne til tru på han: «Blir de verande i mitt ord, er de verkeleg mine læresveinar.

32. Då skal de få kjenna sanninga, og sanninga skal gjera dykk frie.»

33. «Vi er Abrahams ætt», la dei imot, «og har aldri vore slavar for nokon. Korleis kan du då seia at vi skal bli frie?»

Les hele kapitlet Johannes 8